Bokprat – formidling i praksis

Merethe Gauden og Ragna Helene Vestrheim frå Kvam folkebibliotek hadde ein bokprat om det å halda bokprat. Det er mange måtar å formidla ei bok på. Du kan fortelja frå boka, lesa frå boka eller rett og slett sei at denne må du IKKJE lesa. – Då blir boka populær då.

Ein må prøva å finna noko ein likar ved bøkene ein skal formidla, for born og unge merkar fort om ein ikkje meinar det ein seier. Kanskje andre har lese boka og du kan dra nytte av det andre har likt om du skal formidla ei bok du ikkje har sansen for sjølv.

Ungdom stolar på lesetipsa dine dersom de har fellespreferansar for bøker de likar. Seier du at du likar Twilight-serien og dei likar dei bøkene òg, så trur dei på at bøkene du anbefaler er kjekke.

Anbefalte bøker som Merethe og Ragna Helene snakka om:
Sunne: Saiko
Henmo: Natt på Frognerbadet
Berggren: Minst
Kvalvaag: Fengsla
Nedregård: Mirakel
Røssland: Svarte-Mathilda
Røssland: Monstertanta
Aurstad og Westberg: Trettenkloa
Kringeland Hald: Albin Prek
Huber: Liten-på-jord-Tor

[Tekst: Astrid Holmefjord, Samnanger folkebibliotek]

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s